Search found 471 matches

by Rosa Leander
Today, 10:16
Forum: Prydplanter
Topic: Klatre - slyng - eller buskroser ?
Replies: 17
Views: 1873

Re: Klatre - slyng - eller buskroser ?

Martin, hadde du plastpose over stiklingane i potta under spireprosessen? Det skal visst vere gunstig, men mi erfaring er at dei har lett for å mugne.
by Rosa Leander
01 Nov 2020, 11:43
Forum: Alt annet
Topic: Været i dag 2008-2009 - 2010 - 2012 - 2013 - 2014-2015
Replies: 5043
Views: 153669

Re: Været i dag 2008-2009 - 2010 - 2012 - 2013 - 2014-2015

Nesten Indian Summer hos oss. Opphaldsver og sol, 13-14 plussgrader i dag. Kom opp i 15 grader ved 23-tida i går kveld. Tenkte å spa om kompostbingane i morgon. Godt å ha noko å pusle med i hagen når veret er så fint.
by Rosa Leander
27 Oct 2020, 15:05
Forum: Prydplanter
Topic: Hva blomstrer nå?
Replies: 1820
Views: 91510

Re: Hva blomstrer nå?

Hos meg blomstrar Oktoberbergknapp og Duehode overdådig, begge med mørkrosa blomster. Buskrosa "Romanze" har og vakre roser, i ein litt lysare nyanse enn dei to første. Elles har vi mykje lauv på buskar og tre enno og fargespekteret er rikt, spesielt når sola kjem fram innimellom og legg p...
by Rosa Leander
24 Oct 2020, 19:24
Forum: Annet om hage
Topic: Stell av hagereiskap
Replies: 1
Views: 31

Stell av hagereiskap

Kvar haust får vi gode råd om korleis hagen kan gjerast vinterklar, samt om vask og pleie av hagereiskapen. Det siste har liksom aldri trengt inn hos meg, men då oppmodinga kom frå vårt lokale hagelag, slo det inn. Langskafta reiskap vart sett i vanntønna, så mold og planterestar kunne løyse seg opp...
by Rosa Leander
24 Oct 2020, 18:06
Forum: Prydplanter
Topic: Staude-overvintring i bøtter?
Replies: 3
Views: 62

Re: Staude-overvintring i bøtter?

Det kan gå greitt å overvintre dei i potter, men eg ville ha funne ein ventestad i hagen (eg har god plass). Ofte har eg brukt komposthaugen som ventestad, eller eg har sett plantene oppå jorda og lagt eit tjukt lag av halvkompostert plengras o.l. over rotklumpen.
by Rosa Leander
24 Oct 2020, 07:54
Forum: Prydplanter
Topic: Oppgravd plen, så nytt nå?
Replies: 3
Views: 47

Re: Oppgravd plen, så nytt nå?

Vent til våren, til den oppgravde jorda har fått sett. Så kan du eventuelt fylle på meir jord før du sår og unngå dump i plenen.
by Rosa Leander
18 Oct 2020, 17:57
Forum: Annet om hage
Topic: Hageåret 2020
Replies: 46
Views: 1083

Re: Hageåret 2020

Nede ved sjøen står ein vill rosebusk (klunger) med hundrevis av raude nyper som lyser i sola. Dessverre er det ingen som plukkar dei, heller ikkje eg. Det blir mykje god mat til fuglane. Det var imidlertid tidlegare i veka eg kunne glede meg over sol og fantastiske haustfargar. Dei siste to dagane ...
by Rosa Leander
26 Sep 2020, 08:41
Forum: Hageveksthus
Topic: Drivhus om vinteren
Replies: 20
Views: 1310

Re: Drivhus om vinteren

Det er alltid ein milepæl i haustonna når drivhusa er nedvaska. Eg ventar til oktober, når tomat- og paprikaplanter har levert årets grøde. Eg bryr meg ikkje med å forlenge sesongen med ekstra lys og varme. Det er greitt å avslutte sesongen og gå i "vinterdvale" i 2 - 3 månader. Når drivhu...
by Rosa Leander
12 Sep 2020, 09:44
Forum: Prydplanter
Topic: Dele/flytte snøklokker og allium om hausten?
Replies: 1
Views: 83

Dele/flytte snøklokker og allium om hausten?

Det er tid for legging av blomsterløk. Kvar vår når snøklokkene er avblomstra, tenker eg at dei tette tuvene må delast og omplantast. Det vart gløymt i år også. Så har eg ei "elv" av allium midt i eit staudebed, men bedet treng ei skikkeleg oppgradering og allium'en bør flyttast. Nokon som...
by Rosa Leander
03 Sep 2020, 08:24
Forum: Matplanter
Topic: Bittesmå chiliplanter, frukter som ikke vokser
Replies: 3
Views: 77

Re: Bittesmå chiliplanter, frukter som ikke vokser

Hvis du er glad i akkurat den chilien du har, så ta vare på nokre frø til neste år og prøv igjen. Kjøp også ein ny pakke frø og så litt av den også. Sjølv har eg ein pakke chilifrø (Jalapeno) som eg har brukt av i 3-4 år. Eg brukar vanleg plantejord frå butikken og mine planter blir minst 40 cm høge...
by Rosa Leander
22 Aug 2020, 08:22
Forum: Formering
Topic: Så-året-rundt-kolleksjon, Sara Bäckmo - nokon som har prøvd?
Replies: 2
Views: 87

Så-året-rundt-kolleksjon, Sara Bäckmo - nokon som har prøvd?

I siste Hagetidend skulle alle lesarane få ein pakke frø frå denne kolleksjonen. Foreløpig har eg ikkje sett snurten av nokon frøpakke (har eg misforstått?), men eg er likevel interessert i å finne ut meir om frøsådd året rundt. Nokon som har erfaring dei vil dele med oss andre på praten?
by Rosa Leander
17 Aug 2020, 18:17
Forum: Annet om hage
Topic: Reingjering av markise
Replies: 9
Views: 195

Re: Reingjering av markise

blys wrote:Jeg vasker markisen min med Ship Shape jordslagfjerner og den blir som ny.
Sprayer på, litt skrubbing med kost og skylle med rennende vann.
Kor sterk dosering brukar du? På Jernia sa dei at det kan skade saumane på markisen om eg brukar for sterk dose.
by Rosa Leander
11 Aug 2020, 08:46
Forum: Annet om hage
Topic: Hagerommet
Replies: 198
Views: 13621

Re: Hagerommet

Uff, for ein vanskeleg situasjon du er i, når framdrifta er avhengig av andre. Så til buskene som må flyttast. Må du så må du, det gjeld å tenke praktisk og få jobben gjort. Både buskroser, klatreroser og kaprifol kan skjerast ned til 30-40 cm. Då vert dei lettare å handtere, samtidig som du har gre...
by Rosa Leander
27 Jul 2020, 19:33
Forum: Matplanter
Topic: Skamløse pralerier
Replies: 950
Views: 50907

Re: Skamløse pralerier

Årets første nypoteter frå eigen åker stod på middagsbordet i dag. Akkurat passe kokt og tilsett ein god klump med meierismør. Makelaust godt :D Må opplevast ..
by Rosa Leander
26 Jul 2020, 09:02
Forum: Matplanter
Topic: Fast eller melen potet - fjerne eller beholde potetriset?
Replies: 15
Views: 230

Re: Fast eller melen potet - fjerne eller beholde potetriset?

Nei, dette har eg inga erfaring med, men veksten stoppar når du fjerner potetriset. Det kan muligens også påverke eller stoppe utviklinga frå fast til melen potet? Når vi først er inne på potetris, så pleier eg å fjerne potetris (og tomatris) frå hagen, for å hindre overvintring av bl.a. nematoder o...