Dei kjem kanskje ikkje så langt vekke frå no, men for eit par år sidan var det eit par damer som overraska han som sat i kassa. Han var storleg imponert, dei handla for eit par tusen1 Det vert ein del av det når det meste går for ti kroner. Det viste seg å vere nokre som kom frå eit boligsameie utanfor Drammen, og skulle handle til eit fellesareal. Dei fann ut at dei fekk flest planter på den måten. Eg hugsar eit år det kom ei busslast frå Hamar, mange eldre damer, og fleire med rullator. Dei vart temmeleg skremde

, men dei heldt seg no på beina. Det gjorde ikkje han som skulle sikre seg ei stor potte med georginer eit år. Han var litt for ivrig, og spang fram før tauet var vekke. Dermed låg han i full lengde med handa på potta blomsterpotta

. TV romerike var der og filma, men kameramannen lo så fælt at det vart heller urolege bilete.
Eg tykkjer nok at det har roa seg mykje, men det like moro. Så mange hyggelege og fornøgde kjøparar,-- og nokre som er sure for dei ikkje får starte å plukke planter før klkka 14,00.(Det er lov å sjå og spørje dei som er på stand før to). Dette er vel det største planteloppemarkedet i landet?
Ungar som kjem med kassar og plukkar til seg, mødre eller fedre som fordelar fam. rundt dei forskjellige gruppene, og instruerar dei i kva dei skal få tak i,jau, det er moro å vere tilskodar. Vi får ikkje handle før heilt til slutt, om det skulle vere noko vi manglar. Då er det ein fordel å ha vore med på dugnadar, for der er det gjerne lett å få seg ein godbit. Det meste eg har i mine bed, er kome dit på det viset, eller på handledager med hagelaget. Dei to som var her i går, var glade for sine fem- seks småplanter.