Planteloppemarked

Emner om alt som har med saker og ting som en har i hagen å gjøre, men som ikke hører hjemme under noen andre fora i denne kategorien.
Post Reply
Inger E
Posts: 5916
Joined: 27 Feb 2006, 20:46
Location: Kjeller

Planteloppemarked

Post by Inger E »

Det nærmar seg tida for loppemarked att. I år har vi det den 29. mai. Alt no er det innmeldt nær 1000 planter, og det kjem sikkert inn meir omtrent dagleg (om dei som står for jobben har tid).
Har du lyst å sjå kva som finns, så ta ein kikk på heimesida til Skedsmo Hagelag, www.skedsmohagelag.com.
Folk driv med dugand i eitt for tida ,og både små og store stauder vert å finne. Ein del godbitar som slett ikkje er å få over alt, vil du og finne. For dei som vil sikre seg noko av det beste, så kjem det på auskjon 14,45. Salget startar presis kl. 14. (Les Tommy sin artikkel i siste Hagetidend) Det er i litt rolegare former no :lol:
aberf
Posts: 1544
Joined: 05 Mar 2006, 22:04
Herdighetssone: H4
Location: Gjøvik

Re: Planteloppemarked

Post by aberf »

Håper det er greit at jeg bruker samme tråden til å reklamere for planteloppemarkedet på Gjøvik også :)

Det skjer samme dag som Skedsmo sitt (lørdag 29.05), midt i Storgt. fra kl 10. Vi har nok ikke så mange planter som Skedsmo, men her pottes det også på spreng om dagen. Plantelista vår er ikke klar ennå. Regner med at avstanden mellom markedene er såpass stor at vi ikke konkurrerer med hverandre. For de ivrigste, er det jo mulig å få med seg begge..... :D

Lykke til Inger E & co

Aud Berit
Aud Berit

Den som kneler der fioler gror, vil oppdage mange hemmeligheter.
- ukjent -
User avatar
Mona H4-3
Posts: 810
Joined: 02 Mar 2006, 13:46
Herdighetssone: H3
Location: Fetsund, Akershus
Contact:

Re: Planteloppemarked

Post by Mona H4-3 »

Inger E wrote:Det er i litt rolegare former no :lol:
Rundt årtusenskiftet kom det jo busslaster med hagelag fra vestlandet for å sikre seg godbiter på dette loppiset.
(Jeg tok bare drosje dit fra Oslo en gang. :oops: Måtte jo rekke fram før 1400. Jeffersonia dubia blomstrer her nå.)
Inger E
Posts: 5916
Joined: 27 Feb 2006, 20:46
Location: Kjeller

Re: Planteloppemarked

Post by Inger E »

Dei kjem kanskje ikkje så langt vekke frå no, men for eit par år sidan var det eit par damer som overraska han som sat i kassa. Han var storleg imponert, dei handla for eit par tusen1 Det vert ein del av det når det meste går for ti kroner. Det viste seg å vere nokre som kom frå eit boligsameie utanfor Drammen, og skulle handle til eit fellesareal. Dei fann ut at dei fekk flest planter på den måten. Eg hugsar eit år det kom ei busslast frå Hamar, mange eldre damer, og fleire med rullator. Dei vart temmeleg skremde :lol: , men dei heldt seg no på beina. Det gjorde ikkje han som skulle sikre seg ei stor potte med georginer eit år. Han var litt for ivrig, og spang fram før tauet var vekke. Dermed låg han i full lengde med handa på potta blomsterpotta :lol: . TV romerike var der og filma, men kameramannen lo så fælt at det vart heller urolege bilete.
Eg tykkjer nok at det har roa seg mykje, men det like moro. Så mange hyggelege og fornøgde kjøparar,-- og nokre som er sure for dei ikkje får starte å plukke planter før klkka 14,00.(Det er lov å sjå og spørje dei som er på stand før to). Dette er vel det største planteloppemarkedet i landet?
Ungar som kjem med kassar og plukkar til seg, mødre eller fedre som fordelar fam. rundt dei forskjellige gruppene, og instruerar dei i kva dei skal få tak i,jau, det er moro å vere tilskodar. Vi får ikkje handle før heilt til slutt, om det skulle vere noko vi manglar. Då er det ein fordel å ha vore med på dugnadar, for der er det gjerne lett å få seg ein godbit. Det meste eg har i mine bed, er kome dit på det viset, eller på handledager med hagelaget. Dei to som var her i går, var glade for sine fem- seks småplanter.
Mathea
Posts: 2396
Joined: 15 Jun 2007, 13:07
Location: Nordvestlandet/Romsdal

Re: Planteloppemarked

Post by Mathea »

Planteloppemarked har vært artig å vært på :) dere finner sikkert mange gobiter der.
Miamaria
Posts: 749
Joined: 02 Mar 2006, 08:36
Location: Vesterålen
Contact:

Re: Planteloppemarked

Post by Miamaria »

:shock: Koster det meste hos dere virkelig bare 10 kroner? Men dere har kanskje så masse at det blir en del kronasje av det likevel? Her koster nok det meste 20/25/30 tror jeg, alt etter vanlighet og størrelse. Det skal være ganske så vanlig og lite før det kommer helt ned i 10 kroner.
Inger E
Posts: 5916
Joined: 27 Feb 2006, 20:46
Location: Kjeller

Re: Planteloppemarked

Post by Inger E »

Ti kroner er den vanlege prisen, ja. Det er berre tre-fire år sidan den var fem kroner! Større planter går for 20 eller meir. Store martagoniljer hugsa eg vi tok 30 eller 40 for, og det same med pioner. Det kjem litt an på pottestørrelsen, og då vi ofte brukar mjølkekartongar, er det gratis----- men mykje arbbeid med klipping. Vi tek det att på å ha mange planter! No har vi sagt at 3000 får halde. Eit år var det over 6000, og det var nok for mykje. Måtte ta ein del med heim att, då.
Etter kvart er det fleire som har starta med loppemarked, og utvalget kjem seg hjå dei andre og, så det kan nok vere at vi vil merke det. Dessutan er gjennomsnittsalderen på dei ivrigaste høg (eg er med og dreg den opp!). Ta ein titt på lista, det kan vel vere moro å sjå kva som er å finne, om ein bur langt unna. http://www.Skedsmohagelag.com
Inger E
Posts: 5916
Joined: 27 Feb 2006, 20:46
Location: Kjeller

Re: Planteloppemarked

Post by Inger E »

På tide å minne om Loppa, att, kanskje? I år er det den 28.mai, på Huseby gård, Skedsmokorset. Det vil vere skilt frå vegen (rv.120). Det står nok eit skilt til Husebymarkedet. Hagelaget har fått god plass, og det er og laga parkering for dei som vil køyre så nære som råd er.
Til no er det meldt inn litt over 1000 planter, men det kjem nok meir. Gå til www.skedsmohagelag.com, så kan de sjå kva som er å få tak i.
Inger E
Posts: 5916
Joined: 27 Feb 2006, 20:46
Location: Kjeller

Re: Planteloppemarked

Post by Inger E »

Dagen før dagen. Det er lova betre ver, og nok av planter er innmeldt, ser eg. Om de vil sjå meir av kva som er å ta seg til på Huseby, så ta eit søk på Husebymarkedet 2011. Der ligg program, og plantelista står framleis på www.Skedsmohagelag.com
island monkey
Posts: 3436
Joined: 12 Apr 2010, 18:17
Location: UK, Midlands først. Fra nov 2016: Northumberland

Re: Planteloppemarked

Post by island monkey »

Lykke til Inger! Det blir nok en fin dag..
salvia
Posts: 2140
Joined: 03 Aug 2009, 22:07
Herdighetssone: H4
Location: Asker

Re: Planteloppemarked

Post by salvia »

Ja, lykke til!

Plante-loppemarkedet deres kræsjer dessverre også i år med en årlig tur jeg drar på. Synd, for det høres så fristende ut, og jeg har aldri vært på noe sånt. Jeg har heller ikke hørt om andre slike i Oslo & utvidet omegn. Holder dere det alltid i overgangen mai/juni?
Inger E
Posts: 5916
Joined: 27 Feb 2006, 20:46
Location: Kjeller

Re: Planteloppemarked

Post by Inger E »

Ja, det er som regel i månadsskiftet, alt etter korleis pinsen fell. Vi prøver å styre unna større helgedagar, så det hender at det går ei veke ut i juni. Ei tid var vi avhengige av om menighetshuset var ledig (vert ofte brukt til konfirmasjonar), men dei seinare åra har vi funne andre plassar i nærområdet. Om det vert vellukka å vere saman med Husebymarkedet, vert det vel der seinare og. Og så slepp vi no å vere redd for at det er bryllup, og at parkeringsplassen er full av bilar frå folk som ikkje skal i kyrkja :lol:
Takk for oppmuntring. Eg trur det trengs. Vert åleine på min stand i år, men det må vel gå. Dei andre har meir å halde styr på :wink:
Rosa Leander
Posts: 483
Joined: 18 Feb 2007, 18:36

Re: Planteloppemarked

Post by Rosa Leander »

Eg låner denne gamle tråden. Vi er eit ferskt hagelag som planlegg planteloppemarknad for første gong. Sidan hausten er ei fin plantetid på kysten, blir det kanskje loppemarknad allereie i september. Så til det praktiske.
Vi må ha hjelp av alle medlemane for å skaffe nok planter, kanskje også frå andre som har planter til overs. Vi er imidlertid litt bekymra for at hagelaget skal bidra til å spreie både ugras og skadedyr når vi sel desse plantene.

Korleis har andre hagelag gjort det for å sikre plantetryggleiken best mogleg? Stiller de krav til dei som gir planter og reknar med at dei overheld krava? - eller er det nokon i hagelaget som sjekkar alle plantene?

Blir alle planter levert til hagelaget på førehand, eller blir dei meldt inn, for så å bli levert direkte på marknadsplassen?

Håper nokon vil ta seg tid til å svare, for vi har fått fleire forespørslar om å arrangere planteloppemarknad.
På førehand tusen takk.
Rosa Leander
User avatar
Siri K
Posts: 3169
Joined: 28 Feb 2006, 17:39
Herdighetssone: H4
Location: Oslo

Re: Planteloppemarked

Post by Siri K »

Det er vel greit å sjekke svartelista. :)
H2/H3 i hyttehagen
Rosa Leander
Posts: 483
Joined: 18 Feb 2007, 18:36

Re: Planteloppemarked

Post by Rosa Leander »

Takk Siri, svartelista har vi funne fram til. Sender link til medlemane.
Rosa Leander
Post Reply

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 2 guests