Siri K wrote:Siden bildet ikke viser detaljer, blir det mest gjetting. Min er stor kragesopp (Stropharia hornemannii).
Flotte sopper er det uansett art!
Jeg tror du kan ha rett. Stor Kragesopp har ofte lyse hyllerester rundt hattkanten. Men fargen er rødere enn det jeg forbinder med Stropharia hornemannii. Artig å gjette litt også
Hausten er nydeleg hos oss, med plussgrader, stort sett sol og opphaldsver og flott fargeprakt. Denne helga har eg rydda og vaska ned begge drivhusa, berre paprika- og chiliplantene står att med litt ekstra varme for å framskunde modningsprosessen. Planter er klipte ned og sett til vinteroppbevaring. Georginene står framleis ute og nokre store krukker med fuchsia, pelargonia og chrysantemum ventar på å kome i hus for vinteren. Det er snart vinterferie frå hagen og det er heilt greitt.
Hageåret 2019 går mot slutten og om ein time snur sola. Hos oss starta dagen med opphaldsver og 11 varmegrader og heldt seg mild og fin heile dagen. Tok meg ei runde i hagen, klipte visne stauder og la dei ned som vinterdyne. Ser litt ryddigare ut no. Heilt greitt med grøn jul og tørre vegar. Fint å gå tur utan fare for beinbrot og "blåræv". Kos dokke i jula.