Kvar haust får vi gode råd om korleis hagen kan gjerast vinterklar, samt om vask og pleie av hagereiskapen. Det siste har liksom aldri trengt inn hos meg, men då oppmodinga kom frå vårt lokale hagelag, slo det inn. Langskafta reiskap vart sett i vanntønna, så mold og planterestar kunne løyse seg opp. Deretter vart dei skrubba og tørka før dei vart spraya med rustbeskyttar (WD-40). Handreiskap og sakser vart tekne inn på vaskeromet der dei vart vaska, tørka, pussa med stålull og deretter med fint sandpapir. Til slutt spraya eg på WD-40 som beskytter mot rust og fukt. Handreiskapen vart så lagt i reinvaska! verktøyskrin og eit par sokkar frå filleposen fekk nytt liv som beskyttelse for saksene. Tidlegare i år fekk eg sett opp to "planker" på garasjeveggen + nokre enkle og doble opphengskrokar som passar til hageverktøyet. Dette er bra for både meg og reiskapen.
Vaskejobben tok ikkje allverden av tid - ei god investering.
Stell av hagereiskap
Re: Stell av hagereiskap
Se der ja
Sånn skal det gjøres. Et eksempel til etterfølgelse. Jeg har allerede oppheng til spader og river, men mangler et godt system for småredskaper.

Who is online
Users browsing this forum: No registered users and 2 guests