-Og her er mine svarthylloppskrifter. Eg har nok posta dei her før, dei ligg nok i arkivkomposten ein stad.

Mange er priviligerte som har svarthyll Sambucus nigra ved husnåva og det er som å rappe godteri frå småungar å lage nydeleg saft både av blomar og bær. Her skal du få lære å lage saft av blomane, det høyrer midtsommaren til.
Hyll har blitt moderne dei siste par åra. Viss du gjer eit nettsøk på hylleblomster får du masse treff, og mange kule restaurantar har hylleblomstgelé, hylleblomstdrikk og liknande på menyen. På dei kulaste barane i Oslo får du kjøpt rådyre flasker med utspedd hylleblomstsaft i staden for øl. Barfolka blandar drinkar med svarthyllsaft, og du kan og få den som sider. Då er den som regel svenskprodusert, og heiter fläder. Svarthyll har medisinske verknader og seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Difor har både saft av blomane og bæra vorte brukt mot forkjøling. Blomane er rike på flavonider og mineral, mellom anna kalium.
I fjor lagde eg masse saft, og det skjedde på impuls, utan oppskrift eller plan – som vanleg, ville nokre som kjenner meg seie. Eg plukka to plastnett fulle med hylleblomster med saks. Dei fylte vi i ein stor plaststamp, slo over vatn til blomane var dekte, og lot det stå med lok på i to døgn. Så silte vi frå blomane, og helte vatnet over i to digre gryter, sikkert ti liter i kvar. Vi skar alle sitronane samvirkelaget på Leikong hadde i skiver, krysta dei, og hadde skal, kjøt og det heile oppi grytene. Safta vart kokt opp, og så skumma vi av alt som samla seg på toppen. I tillegg silte vi safta gjennom eit klede eitt par gonger for å få den klar og fin. Så hadde vi i masse sukker, og all vinsyra og sitronsyra vi fann i mor sine skap. Vi smakte og smakte, til vi syntest det vart passe søtt. Det skal vere ein ganske intens søtsmak, for safta skal tole å bli utspedd. Og dess søtare den er, dess betre held den seg. Samstundes må syra frå sitronane og sitronsyra vere med på å balansere søtsmaken og blomesmaken, elles kan smaken bli emmen.
Når safta smakte godt, tømde vi den på kokte flasker, vinflasker passar strålande. Flaskene vart korka med ½-korker som vi fann i kjellaren. Det viktigaste for å få saft til å halde seg er at den er oppkokt, at den er søt og god og at den vert fylt på sterile flasker. Eg brukar å køyre flaskene i oppvaskmaskina, og så legg eg dei i steikeomnen ei stund på 100 grader. Korkene kokar eg i reint vatn. Så vidt eg huskar hadde eg og ørlite Atamon på kvar flaske før eg fylte safta på. Då er du sikra frisk, myglfri saft til godt over neste sommar. Når eg så hadde safta klar, og kjende kor god ho var, gjekk eg amok med kreative løysingar. Eg lagde gelé med Certo, hylleblomsteddik og hylleblomstsorbet ved å køyre den i ismaskinen. Deilig! No har eg fått samla meg, og kome over det eksperimentelle nivået, så her skal du få ordentlege oppskrifter på det eg har laga. Slik gjer du det:
BOKS
Hylleblomstsaft
50 klasar hylleblomster
4 sitronar
2,5 liter vatn
3 kg sukker
75 g sitronsyre (kan bytast ut med vinsyre, sjå på pakken, og smak deg fram)
Legg blomane i eit kar av plast, og slå vatnet over. Skjer sitronane i skiver, og ha dei i karet. La det stå i to dagar. Sil frå blomane og sitronane gjennom eit klede (pass på at det ikkje er vaska med skyllemiddel!), og ha ”safta” over i ei gryte. Kok opp, og saml opp det som kjem til overflata. Sil det gjerne ein gong til. Rør i sukkeret og sitronsyra. Kok opp, og skum av igjen. Smak om det skal meir syre eller sukker til. Hell safta på reine, sterile flasker med ein knivsodd Atamon. Kork flaskene, og oppbevar dei kjølig.
Hylleblomstgelé
1,5 liter ferdig hylleblomstsaft
1 flaske Certo
Kok opp safta. Ha i Certo, og la blandinga fosskoke i eit minutt. Hell geléen på reine, sterile glas. La den stå kaldt nokre dagar. Er geléen ikkje stiv etter to-tre dagar så ikkje gje opp. Berre la den stå, min brukte nærare ei veke på å bli skikkeleg. Bruk geléen til kjøtrettar eller til ein god paté på rista brød.
Hylleblomsteddik
3 dl ferdig hylleblomstsaft
0,5 dl eddikessens
Bland saft og essens. Ferdig! Hell på ei fin flaske, og bruk eddiken til dei finaste salatane dine. Legg gjerne nokre friske blomar på flaska, men då må du bruke den ganske raskt, elles blir det ganske udelikat etter ei stund.
Hylleblomstsorbet
0,3 liter hylleblomstsaft
0,3 liter vatn
Skal av ein sitron
Riv sitronskalet, pass på at du ikkje får med det kvite frå sitronen. Bland safta med vatnet, og ha i sitronskalet. Har du ismaskin så køyrer du den med blandinga i. Har du ikkje, så heller du blandinga i ein metallbolle, og set i frysaren. Ta bollen ut, og rør i den med ein gaffel kvar halvtime til den har blitt stiv. Server saman med ein jordbærsorbet til tynne fine pannekaker eller på toppen av ein brownie.
Alt godt, Gunda