Kva feilar plometreet vårt?

Spørsmål og diskusjon rundt busker, trær, kratt og hekk.
Post Reply
Rosa Leander
Posts: 476
Joined: 18 Feb 2007, 18:36

Kva feilar plometreet vårt?

Post by Rosa Leander »

Vi har eit gammalt blåplommetre som har vore friskt og i god vekst kvart år og til for ca ein månad sidan. Det kan sjå ut som om det har stoppa å ta til seg vatn og næring. Blada visnar og fell av og dei blå plommene tørkar inn til harde klumpar. Treet bar mykje frukt både i år og ifjor, men eg hadde ikkje venta at det skulle visne vekk av den grunn. Nokon som har vore ute for noko liknande og veit kva som kan vere grunnen?
Rosa Leander
gartner10
Posts: 1033
Joined: 15 Jan 2007, 09:21
Herdighetssone: H3

Re: Kva feilar plometreet vårt?

Post by gartner10 »

At bladene faller av er faktisk positivt, da er det fortsatt liv i treet. På et løvtre som plutselig dør, vil bladene sitte fast og bli brune og sprø. Det har vært mye sykdom og skadedyr i år, så vi får håpe på at neste år blir mer et normalt år. Tror absolutt at treet ditt vil overleve.
Øystein, gartner i Østfold

Mitt navn på Instagram er @gartner10. Har lagt ut bilder av noen av de dagliljene jeg har fått frem fra frø.
Rosa Leander
Posts: 476
Joined: 18 Feb 2007, 18:36

Re: Kva feilar plometreet vårt?

Post by Rosa Leander »

gartner10 wrote:Tror absolutt at treet ditt vil overleve.
Tusen tak for trøstande tilbakemelding, då håper vi det beste. Treet er nesten heilt utan lauv no, dei inntørka fruktene heng på bar kvist. Kjem til å fjerne dei om ikkje hauststormane ordnar saka.

Det gamle plommetreet er også eit kjært klatretre for våre to barnebarn (enn så lenge), så vi er fleire som ønsker at det skal få leve vidare. Takk igjen for at du tok deg tid til å svare.
Rosa Leander
Post Reply

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest