Svensk asal - oppstamming av stiklingar (red.)

Spørsmål og diskusjon rundt busker, trær, kratt og hekk.
Post Reply
Rosa Leander
Posts: 476
Joined: 18 Feb 2007, 18:36

Svensk asal - oppstamming av stiklingar (red.)

Post by Rosa Leander »

Eg har eit par stiklingar av det eg trur er svensk asal (bladforma er lik, men er litt usikker). Det er fleire år sidan eg snappa dei med meg, og dei har stått i potte og deretter i eit ventebed. Høgda på stiklingane er no hhv. ca 80 cm og 60 cm, begge med ein stengel. Den lengste har to greiner midt på stammen, medan den minste har ei grein nesten ved rota + eit nytt skot frå rota.

Eg vil gjerne bevare akkurat desse stiklingane (minner, veit de ..) og lurer difor på korleis eg kan forme dei til små - og etterkvart større tre. Kutte stammen ? Fjerne blad ? osv. Nokon som har sysla med dette før?
Rosa Leander
Post Reply

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 3 guests