Hei frå ei hagenovise!

Her kan du presentere deg! Fortell oss hvem du er, hvor i landet du bor, hvordan du fant oss, noen av dine interesser og alt mulig annet rart om deg!
Post Reply
Anja Ø
Posts: 32
Joined: 15 Mar 2014, 19:50
Herdighetssone: H4
Location: Kongsberg

Hei frå ei hagenovise!

Post by Anja Ø »

Hei! dette er første våren min med ein liten hage, og det har eg lyst til å få glede av. Eg har aldri dyrka noko før, men no har eg lyst til å prøve meg. Eg har kjøpt to pallekarmar der eg skal dyrke grønnsaker, pluss at eg skal ha litt i store potter. Eg har konsekvent kjøpt sortar som skal være enkle å gro, bortsett frå jordbæra. Dei er nok dei som kan være vanskeligast å gro fram av det eg har kjøpt. Eg har bla kjøpt grønnkål, spinat, gulrøtter, vårlauk og rødbeter, pluss basilikum til å ha inne. Eg har allereie sådd basilikum, og etter ei lita veke har det no kome opp fleire små spirer! Eg har og sådd jordbæra, men det har ikkje kome opp noko enno, dei bruker vel 2-3 veker.

Det er eit lite blomsterbed i hagen, og der står det litt frå dei forrige eigarane. Det er nokre rosebusker (som blei knekt under snøen no i vinter) ein alpeklimatis og to rosmarinbusker. Dei ser ut til å ha overlevd vinteren, og det er jo ganske flott! Eg sådde fire forskjellige blomsterlaukar i fjor som no har byrja å titte opp. Det er kjekt, for det var det første planteprosjektet mitt. Dette er jo heilt nytt for meg, så eg er ute kvar dag og kikker på dei. Det blomsterbedet er jo litt rart satt samans no, så eg har tenkt å legge ei ny plan for det etterkvart. Kanskje ha berre urter der til neste år? Eg får sjå. Eg passar meg for ikkje ta meg vatn over hovudet no når eg er nybyrjar. Men det er lett å la seg rive meg!

Så hei, her er eg. Håper at læringskurva blir bratt!
fiolina
Posts: 878
Joined: 03 May 2012, 16:52
Herdighetssone: H5
Location: Holandsfjord

Re: Hei frå ei hagenovise!

Post by fiolina »

Hei og velkommen! :)
Post Reply

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 4 guests