Her er det ingen utstillingshage, langt derifrå! Det meste er planta der det var ein plass i augneblinken, somt er flytta på, men alle stader er det tett. Ved innkøyringa er det fint om våren, nett den delen er eg ganske fornøgd med. Der er litt blomster enno, men mest blad.
Bur i ein skråning ikkje langt frå Åsåsen, for dei som er kjende i fotballverda. Jorda er leire så langt ein ynskjer å grave, og mykje lenger ned.
Eg har ein lun terrasse der eg trivs svært godt, men er der ikkje så lenge om gongen likevel. Det er alltid eitt eller anna eg finn å gjere rundt om. Som pensjonist har eg tida for meg sjølv, og eg har alltid hatt det med å plukke litt her og litt der, så ugras er det ikkje så mykje av, tykkjer eg sjølv då

. Det verste er enkelte planter som er så villige til å frø seg, endå eg prøver å klippe frøstandane. Eg burde hatt ein omgang og flytta og omrokkert, men veit ikkje om det vert nokon gong. Må nok ha mykje energi i overskot til det, og det spørs om eg greier opparbeide det!
Om det er nokon som har lyst å sjå dette, og slå av ein prat, så er det berre å sei frå.