Eg har sådd ein deil inne og har hatt vekstlys over. Om dagen flyttar egplantene ut i drivhuset og tek dei inn att om kvelden. Trur at lyset ute i drivhuset er vel så godt som det kunstige lyset og trur at plantene vert meir robuste på det viset. Stemmer det eller skal eg la alt stå inne nedi kjellaren med lys over? Er det ikkje lurt å veksle på temperaturen til planter i vekst? Bør dei alltid ha jamn temeperatur.
Eg har ikkje varmeomn i drivhuset så kor mange grader som er der inne er variabelt.